For å kunne innreie for andre må eg innhente opplysningar frå kundane mine. Dette skjer helst gjennom samtaler og intervju. Det er også nødvendig med befaring på staden for å få ei forståing for bustaden og dei romma som skal innreiast.
På bakgrunn av dette og kunden sine ønskjer kan eg tilby:
- Planløysing
- Skisseteikningar
- Belysningsplan
- Hjelp til farge- og materialval
- Hjelp til møbel- og interiørval
- Romskjema
- Hente inn tilbod frå handtverkarar
- Kontakt med handtverkarar
Eg tilbyr planar for enkeltrom, delar av bustad og heile bustadar.
Romskjema blir nytta av både interiørkonsulentar og arkitektar for å beskrive detaljar i rommet. Romskjema kan vere til god hjelp for handtverkarar som skal utføre jobben då det gjev ei detaljert oversikt over overflatebehandlinga i sjølve rommet.
Kva får du?
Planteikningar digitalt i 2D og 3D i høg kvalitet, komplett med mål. 3D bilete av rom og møblering.
Materialplansjar med tekstilar og materiell
Oversikt over fargeval i alle rom.
Du får ein perm som inneheld alle dokument. I tillegg får du planteikningane digitalt.
Eg har faste pakkeprisar, men kan også skreddersy pakkar ut frå dine behov.
Kontakt meg for prisar.