Styling av bustad

Skal du selge bustad og treng hjelp til å style før fotografering og sal?

Eg kan rettleie, komme med konkrete råd og bistå med rekvisitar som kan løfte eit rom og gjere det visuelt behagleg å vere i.

Folk flest omgir seg med for mange ting, fargar og ulike stilar. For å appellere til flest mogleg er det viktig å roe ned det visuelle intrykket ein får når ein trer inn i eit rom. Det skal vere behagleg og godt å vere der. Dette er spesielt viktig når ein skal selge ein bustad.

Stylingpakkar

Rettleiing

Eg kjem til bustaden og ser kva som kan gjerast. Det kan vere alt frå ommøblering til oppussing av rom. Eg rettleiar, og kunden gjer jobben sjølv.
Pris frå 1500 kr.

Lett styling

Eg kjem til deg og jobbar med det du har av møblar og interiør. Ofte er det nok å rydde vekk og flytte litt på møblar og gjenstandar for å gjere bustaden klar for foto og visning.
Pris frå 1500 kr.

Medium styling

For deg som treng å skifte ut noko av møblane eller manglar noko. Eg vurderer kva som trengst for å få ein fin heilskap i bustaden. Eg styler bustaden med det du har tilgjengeleg i kombinasjon med det eg har tilgjengeleg.
Pris på forespørsel.

Full styling

Du har gjerne flytta ut eller har møblar som er utdatert, og treng meir moderne møblar for å skape ei god atmosfære. Eg stiller med alt du treng av møblar og dekor som passar din bustad.
1 roms leilighet/ hus frå 10 000 kr
2 roms leilighet/ hus frå 13000 kr
3 roms leilighet/ hus frå 15000 kr
4 roms leilighet/ hus frå 17000 kr
Pris på forespørsel på bustad over 100 m2.
Styling av uteområde kjem i tillegg.

Styling av uteområde

Frå 1000 kr.
*Alle prisar er inklusive mva.
*Eg fakturerer 5 kr ekstra per km utanfor Førde kommune.

Kva skjer når du kontaktar meg?

1. Vi blir einige om dato for synfaring

2. Synfaring gjennomførast saman med kunde

3. Tilbod sendast til kunde ut frå dei behov kunden har og det vi har blitt einige om på synfaringa.

4. Eg set saman dekor/ møbelpakke som passar til kunden sitt behov

5. Styling av bustad (Leige opp til 4 veker. Lengre leige kan avtalast om nødvendig).

6. Besøk samme dag som visning for å sette ut friske blomster, tenne lys og sjekke at alt ser fint ut.

6. Eg hentar dekor/ møblar når leigeperioden er slutt