Om

IMG_0108

Hei

Eg heiter Astrid Marie Vie, er født og oppvokst i Førde.

Eg har studert interiørkonsulent ved NKI og marknadsføring og kommunikasjon ved Marknadshøyskolen BI.

Eg driver instagramkontoen @astridmvie med ca. 10 000 føljarar. Der deler eg bilete frå mine prosjekt samt interiørfoto frå heimen og hytta mi.

Kvifor skal du velje ein interiørkonsultent?

Ein interiørkonsulent kan bistå med fagteikningar og planløysingar som tek hensyn til den norske SINTEF- standarden. Ein interiørkonsulent har kunnskap om kunst- og stilhistorie, tekstil- og materiallære, fargelære og belysning, vatn, varme og sanitær, samt noko kunnskap om elektriske anlegg.  Alt dette gjev eit godt grunnlag for å kunne planlegge din bustad til å bli mest mogleg praktisk og harmonisk i materiell og fargeval.