Soverom før og etter

Den siste veka har eg jobba med eit soverom som trengte fornying.

Dette er mitt første oppdrag etter eg starta firma, og eg gleder meg til å vise fleire bilder frå prosjektet.

Rommet var måla i ein blå/grå farge som ikkje passa til fargen på golvet og lyset i rommet. Fargen verka veldig blå.

Rommet blei måla i ein mørk grå farge. Vegger, lister, tak, vinduskarmar og dører blei måla i samme farge, men litt ulik glansgrad. Veggane er måla super matt. All måling er kjøpt på Førde fargehandel/Fargerike (samarbeid).

Det blei kjøpt inn nye gardiner, sengeklede, sengeteppe og bilete på veggen.

Den nye fargen gjorde til at golvet og garderoben, som er eik, blei tona ned og verka ikkje så varmt som før. Rommet fekk eit heilt anna, meir luksuriøs uttrykk.

Slik blei soverommet etter oppussing:

Håpar du liker det. Dei som eig soverommet blei vertfall veldig fornøgd.

Viss du har planar om å pusse opp på nyåret og treng litt hjelp, kan du kontakte meg for pris og tidspunkt for befaring.

Klem Astrid Marie