Treng du hjelp til å style heimen din før du skal selge?

Kvifor skal du leige ein bustad stylist?

Det første ein ser på når ein skal kjøpe ny bustad er bileta i bustadannonsa. Det er viktig at bileta er innbydande, ryddige og at bustaden viser seg frå si beste side. Dette er første steg for å lokke potensielle kundar på visning. Jo fleire klikk annonsa får, jo fleire møter på visning og det er større sjans for at fleire blir med i bodrunda.

Deretter er førsteinntrykket når ein går inn i ein bustad på visning veldig viktig. Ein potensiell kjøper må få kjensla av at her vil eg bu. Reine, gjennomførte og innbydende bustadar er meir tiltrekkande enn overmøblerte fargesprakande bustadar. Dette er kanskje sjølvsagt for mange, men ikkje alle klarer å sjå dette sjølv. Det er heller ikkje lurt å prøve å selje ein tom bustad. For mange er det vanskeleg å sjå for seg korleis bustaden kan bli med møblar og dei klarer ikkje å få ei god romkjensle.

Å selje bustaden sin kan vere ein slitsom og krevjande prosess. Det er mykje å tenke på, og tida strekk gjerne ikkje til alt som bør ordnast. Å leige ein stylist for å hjelpe med møblering og styling av bustaden kan lette arbeidsmengda og frigje tid som du gjerne vil bruke på andre ting. Ein stylist kan rettleie deg og komme med gode råd om kva som bør takast vekk og kva som bør framhevast. Det er mykje ein kan gjere sjølv, men ofte er det lurt å overlate denne jobben til ein stylist som har erfaring, auge for detaljar, ser heilskap og har tilgang på møblar og interiør.

Å leige ein stylist kan vere ei god investering og du tener som oftast inn igjen utgifta berre med eit ekstra bod.

I Sogn og Fjordane har det vore lite vanleg å bruke stylistar før salg av bustad. I dei store byane er dette svert vanleg og fleire meglarhus tilbyr alle kundane sine eit par timar med stylist før salg.

Fleire meglarar seier at prisen ein betalar for ein stylist er ingenting i forhold til det ein får igjen på salgsummen.

Eg tilbyr alt frå rettleiing til full styling av bustad. Eg kjem med konkrete råd og kan bistå med alt av interiør og møblar.

Eg tilbyr ulike stylingpakkar ut frå kva behov kunden har. Dei forskjellige pakkane og prisar finn du her.

Eg samarbeidar med Garanti eiendomsmekling Vest AS og Fjordane eiendomsmekling AS.

Kva skjer når du kontaktar meg?

1. Vi blir einige om dato for synfaring.

2. Synfaring gjennomførast saman med kunde.

3. Tilbod sendast til kunde ut frå dei behov kunden har og det vi har blitt einige om på synfaringa.

4. Eg set saman dekor/ møbelpakke som passar til kunden sitt behov og stilen på bustaden.

5. Styling av bustad (Leige opp til 4 veker. Lengre leige kan avtalast om nødvendig).

6. Besøk samme dag som visning for å sette ut friske blomster, tenne lys og sjekke at alt ser fint ut.

6. Eg hentar dekor/ møblar når leigeperioden er slutt.

7. Betaling når bustaden er solgt.

Kontakt meg gjerne om du har spørsmål. Kontaktskjema finn du her.

Eller du kan ringe meg på tlf. 99725143.

 

Astrid Marie

 

 

 

Nytt år og tid for litt endring i heimen?

Jula er over og julepynten er på veg ut. Eg kjenner alltid behovet for å kaste ut litt ekstra saman med jula. Nytt år er ei perfekt anledning til rydde i tinga sine og kvitte seg med det ein ikkje har bruk for. Ønsket mitt er å ha færre ting rundt meg. Samtidig kan det virke tomt når ein har rydda ut jula, og ein kjenner behovet for endring. Det kan vere eit rom som treng ny farge, ommøblering, møblar som treng utskifting eller større renoveringsprosjekt.

Ønsker du å gjere endringar i bustaden din, men treng hjelp til å kome i gang eller finne ut kva du kan gjere?

Eg kan hjelpe med:

  • planløysing
  • romskjema
  • skisseteikningar
  • belysningsplan
  • hjelp til farge- og materialval
  • hjelp til møbel- og interiørval
  • styling

Eg kjem gjerne på synfaring.

Ta kontakt for eit uforpliktande tilbod.

Sjå meir om kva eg kan tilby på heimesida mi www.purinterior.no

 

Astrid Marie

 

Hei, verden!

Å starte eget firma og jobbe med interiør har alltid vore min store draum. Eg har tenkt på dette sidan eg studerte til interiørkonsulent i 2009. Av mange grunnar har dette ikkje vore aktuelt før no. Sjølv om eg har tenkt på dette lenge og hatt mange idear i hovudet, har det gått fort i svingane dei siste 2 vekene. Frå eg bestemte meg for å starte eget firma til heimeside og plan for bedrifta var på plass, gjekk det ei lita veke. Eg har vore i kontakt med fleire aktuelle samarbeidspartnarar og alle eg har snakka med har vore veldig positive og villige til å samarbeide med meg.

Det er med skrekkblanda fryd eg kastar meg ut i det ukjende og startar å tilby interiørtenester. Eg er innstilt på at det kan gå trått i oppoverbakke den første tida. Difor set eg pris på om akkurat du vil vere med å dele heimesida mi og tipse andre du trur kan vere interessert i mine tenester eller samarbeid. Eg tek på meg oppdrag i heile Sogn og Fjordane.

Vidare på denne bloggen vil eg dele tips til både styling, oppussing, inspirasjon og prosjekt eg jobbar med. Eg håpar du vil følje meg vidare på denne reisa.

Klem Astrid Marie