Korleis ta gode interørbilete

Vil du ta like fine interiørbilete som proffane?

Interiørfotografering treng ikkje å vere noko hokus pokus, men det er nokre ting ein bør passe på.

Alt eg har lært meg om fotografering er gjennom prøving og feiling, artiklar på internet og bøker eg har lånt på biblioteket. Eg har samla mine beste tips i dette innlegget. Eg bruker dette kameraet. Det er 10 år gammalt, men fungerer greit (nytt kamera med wifi står på ønskelista til jul).

 

Lys er viktig

Interiør er slett ikkje så enkelt å ta bilete av som mange kanskje trur, til tross for at motivet står stille og du kan skru på lyset om det blir for mørkt. Men ein bør enten nytte seg av dagslyset og eit godt kamera med kamerastativ. Bileta blir i dei aller fleste tilfeller betre med naturleg lys enn kunstig lys sjølv om rommet i utgangspunktet er ganske mørkt.

Skru av alt kunstig lys. Det er viktig å tenke på kor dagslyset kjem inn i rommet. Eg syns det er best å få lyset inn frå sida, men det er ingenting i vegen for å ta bilete mot eit vindu dersom ein har riktige innstillingar på kameraet (les videre i teksten om riktig fokuspunkt). På bileta under ser du samme biletet tatt med og utan kunstig lys. I midten ser du korleis lyset i rommet såg ut med det blotte auget. Til høgre ser du kva riktig kamerainnstilling kan gjere med lyset. Ingen av bileta under er redigert.

Du kan fotografere med vinduet i ryggen, men då kan det vere lurt å blende for lyset slik at bilda ikkje blir overeksponerte pga. for mykje lys. Det kan du gjere med tynne gardiner eller anna tynt stoff. Pass på at det meste av lyset slepp gjennom. Det er også eit godt tips å ta bilete i nordvendte rom på føremiddag og i sørvendte rom på ettermiddag. Det er på desse tidene dei ulike romma har mest naturleg dagslys. Det er best å ta bilete når det er overskya vær. Blir det for mykje lys kan det gjere til at biletet verkar flatt/overeksponert.

img_6955.jpg

Kamerainnstillingar

Eg fotograferer som oftast i RAW format. Det gjer til at eg kan forandre biletet totalt når eg redigerer det. Men eit tips er å få det best mogleg allerede når du tek biletet, så slepp du å redigere så mykje. Eg brukar også neste alltid manuell mode på kamera og aldri auto. Eg likar å gjere mine eigne instillingar. I dette avsnittet vil eg fortelje meir om kva for instillingar eg brukar.

Innstillingane avhenger sjølvsagt av lysforholda. Når eg tek bilete brukar eg (nesten) alltid ISO 100, eg kan strekke meg til å bruke ISO 400 om det er veldig mørk, men det skjer sjeldant. Det gjer til at eg får superskarpe bilete. Det fører igjen til at eg er avhengig av kamerastativ då den minste bevegelse gjer til at biletet blir uskarpt. Eg bruker dette kamerastativet, billig og godt. I tillegg må eg bruke fjernutløysar eller 2 sek. delay på å ta biletet. Det er for å ikkje skape bevegelse på kameraet når eg trykker på utløysarknappen.

No må du justere blenderåpninga som er F-instillinga på kameraet. Denne innstillinga bestemmer størrelsen på opninga der lyset slepp inn. Jo mindre tal, jo større er opninga (ja, det er ulogisk og tek litt tid å venne seg til). Dersom du skal ta bilete med uklar bakgrunn stiller du F til eit lavt tall.Favoritt objektet mitt er dette. Også billig og godt. Med dette objektet kan eg stille blenderåpninga heilt ned til 1,8. Då får eg uklare bakgrunner og detaljane i forgrunnen blir super klare.

Du må også stille inn kvar du vil kameraet skal fokusere. Når du trykker utløysarknappen halvvegs ned ser du eit rødt lys. Det røde lyset markerer kvar kameraet fokuserer. Dette lyset kan du flytte på for å fokusere ein annan stad. På mitt kamera justerer eg det med å trykke på knappen øverst i høgre hjørne på baksida av kamerahuset, og velge eit av dei ni fokuspunkta. Dersom du ikkje vel riktig fokuspunkt med innstillingene over, blir motivet veldig uklart. Dersom du tek bilete mot eit vindu er det viktig å ta fokuset vekk frå sjølve vinduet.  Skal du ta bilete av større rom, stiller du blenderåpninga til eit høgare tall (då får du alt i biletet i fokus).

Det er ikkje så viktig med fokuspunkt om du fotograferer med høgare blenderåpning.  Eg bruker ofte standard objektet (18-55mm) som kom med kamera når eg tek bilete av større delar av eit rom. Her bruker eg sjeldant fokuspunkta.

Når du trykker utløysarknappen halvvegs ned ser du også innstillinga som viser kor lyst biletet ditt blir. Jo nærare markøren er null, jo meir likt blir biletet det du ser med ditt eige auge. Eg likar å justere innstillingane mine slik at denne viser litt over null (overeksponere).

Detaljar

Det kjekkaste eg veit å ta bilete av er interiørdetaljar. Då kan ein få mange fine bilete. Har du eit godt kamera er trikset å skape liten djubdeskarpheit. Sjå forklaring på innstillingar lengre oppe. Det er også avgjerande kor lang avstand det er frå motivet til bakgrunnen. Jo lengre i frå bakgrunnen motivet er, jo meir uklar vil bakgrunnen bli.

 

Andre gode tips:

Pass på at linjene i bilete er rette. Rutenett i redigeringsprogram er veldig gode å bruke til dette. Skal du ta bilete rett framfor eit objekt så prøv å treff så midt på som mogleg. Du treng ikkje å ta bilete av heile objektet, men linjene blir fort skeive dersom du står litt på sida av det du skal ta bilete av.

Rydd, rydd, rydd. Rotete interiørbilete er ikkje gode bilete. Rydd vekk overflødige ting frå motivet. Reine fine bilete der du fokuserer på nokre få ting er oftast dei beste bileta.

Bruk ein reflektor til å lyse opp mørke delar av eit rom eller objekt. Denne vil reflektere det naturlege lyset og skape meir lys på skyggesida av biletet. Det fins mange billege reflektorer du kan kjøpe. Blandt anna desse. Eg brukar speil-papp eller kvit papp frå panduro.

Eit siste tips er å ta bilete som ikkje viser for mykje av rommet. Oversiktsbilete får som oftast flest likerklikk på Instagram, men det er ikkje alltid dette er dei beste bileta.

Eg håpar eg kunne gje deg nokre gode tips. Det beste du gjer er uansett er å ta masse bilete og eksperimentere sjølv for å bli ein best mogleg fotograf.

 

Klem Astrid Marie